12. des. 2010

Innsirkling.

Innsirkling av Carl Frode Tiller.

Denne boka må eg seie er meget spesiell. Den er ikkje lik alle andre bøker eg har lese. Den har ikkje ei samanhengande handling, men allikevel har den ein rød tråd. Nemleg at alle sirklar inn historia rundt David, som har mista minnet sitt. Ein les først historia til Jon, ein kompis frå ungdomstida, som var homo. Dei to hadde mykje sex saman, men David var ikkje homo. Han berre eksperimenterte. og dei gjorde ikkje som andre guter på deira alder. Dei var interisert i kunst og musikk og kultur, mens andre guter var interissert i fotball og lek. Deretter les ein historia til Arvid, stefaren som var gift med mora til David. Mora, Berit, døydde mens han var ung. Til slutt leser ein historia til Silje. Jenta som var kjæresten hans under ungdomstida. Ho fortel han masse om forskjellige hendingar i livet deira mens dei var unge. Til slut skuldar ho han for å ikkje være syk, men at det er endå eit av hans kunstpåfunn, hvor han leikar med livet eller skapar noko spesielt.
Ein meget annleis bok, men interesant for så vidt. Det var veldig mykkje i boka som eg hadde lyst til å få greie på, som eg aldri fekk. Det var litt irriterende, men sikkert heilt meininga frå forfattarens side.
Viss du har lyst til å lese ein annleis bok, er Innsirkling midt i blinken for deg! Godt skrevet.:)

3. des. 2010

Hamlet på nynorsk.

Å vere eller ikkje, det er spørsmålet.
Gjer det meir storsinna å tole
lidingane frå ei stakkars lagnad,
enn å ta til våpen mot eit hav av sorger og
sløkkje dei i trass? Å sove, døy –
meir er det ikkje; sei at søvnen sløkkjer
kvar hjartesorg og tusen ristingar
som kroppen arvar – ja, ei avslutning
verd å drøyme om; å sove, døy.
Å sove, kanskje drøyme. Det er haka;
for draumane til døden følgjer søvnen til døden
når vi har kome oss ut av skinnet til livet
og derfor stoppar vi. Vi tenkjer over
og får eit langt liv i elendet.
For kven kan tole prylet og spotten til verda,
Trykk og arrogant forakt frå tyrannar,
Ein kjærleik som hånes, rettsleg sommel,
bestemde menn frå embetet og alle spark
Som avskum langar ut mot han som teier,
Viss rekneskapen kan slettas, gjeres opp
Med ein sløv dolk? Kven gadd å bere lasta,
Å slite livet ut med pust og pes
Viss ikkje angst for noko etter døden,
Er ukjend land som ingen reisande
Kan vende heim frå, lamslo vilja vår,
Og gjorde at vi vel dagens nød
Og ikkje flyktar til den ukjende?
Bevisstheita gjer alle til kujonar;
Og dermed vil den resolutte glød
Lett bleikne under tankens gustne skinn,
Og verksemder som har kraft meining
Vil bøye av og miste kravet på
Å kallast handling. – roleg nå, min vakre
Og herlege Ofelia. – husk å be
For alle mine synder.