12. des. 2010

Innsirkling.

Innsirkling av Carl Frode Tiller.

Denne boka må eg seie er meget spesiell. Den er ikkje lik alle andre bøker eg har lese. Den har ikkje ei samanhengande handling, men allikevel har den ein rød tråd. Nemleg at alle sirklar inn historia rundt David, som har mista minnet sitt. Ein les først historia til Jon, ein kompis frå ungdomstida, som var homo. Dei to hadde mykje sex saman, men David var ikkje homo. Han berre eksperimenterte. og dei gjorde ikkje som andre guter på deira alder. Dei var interisert i kunst og musikk og kultur, mens andre guter var interissert i fotball og lek. Deretter les ein historia til Arvid, stefaren som var gift med mora til David. Mora, Berit, døydde mens han var ung. Til slutt leser ein historia til Silje. Jenta som var kjæresten hans under ungdomstida. Ho fortel han masse om forskjellige hendingar i livet deira mens dei var unge. Til slut skuldar ho han for å ikkje være syk, men at det er endå eit av hans kunstpåfunn, hvor han leikar med livet eller skapar noko spesielt.
Ein meget annleis bok, men interesant for så vidt. Det var veldig mykkje i boka som eg hadde lyst til å få greie på, som eg aldri fekk. Det var litt irriterende, men sikkert heilt meininga frå forfattarens side.
Viss du har lyst til å lese ein annleis bok, er Innsirkling midt i blinken for deg! Godt skrevet.:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar